Om oss
Me har seks aldershomogene grupper. Marihøne og Humle held til i 1. etasje, Tusenbein, Grashoppe, Tissemaur og Sommarfugl i 2. etasje.
Vår visjon
Godt rusta for framtida.
Me har utarbeida ein eigen visjon for kva me vil barna skal ha med seg av erfaring når dei går vidare over i skulen. Me arbeidar jamt med våre mål, og våre overordna verdiar for at me skal gje barna dei beste skussmål for eiga framtid.
Våre overordna verdiar
- Barn har medverknad på eigen kvardag, og skal ikkje ha ansvar for meir enn dei er rusta for.
- Alle skal kjenne seg inkludert og som ein del av fellesskapet.
- Felles fokusområde for heile barnehagen.
- Leikekloke vaksne som gir tid og rom for leik.
Våre mål
- Barn har medverknad på eigen kvardag, og skal ikkje ha ansvar for meir enn dei er rusta for.
- Alle skal kjenne seg inkludert og som ein del av fellesskapet.
- Felles fokusområde for heile barnehagen.
- Leikekloke vaksne som gir tid og rom for leik.
For å vera i utvikling, og for å oppretthalde eit kritisk blikk på eiga praksis utarbeidar me kvart år eigne vurderingsområde i samarbeid med foreldra som me evaluerar på slutten av barnehageåret. Vurderingsområdet 2025 er utarbeida etter tilbakemeldingar på foreldremøte: me skapar eit fellesskap gjennom samlingsstunder med eventyr og musikk, og me har fokus på fellesskapet språk og musikk gir oss.
Å vera liten hos oss
Me er delt i gruppene våre store delar av dagen, og alle gruppene har ei samarbeidsgruppe som ein ved ulike høve samarbeida saman med på team. Me samarbeidar fast på morgon og ettermiddag slik at barna blir kjend med personalet på tvers av si gruppe.
Bygget vårt er utforma slik at dei yngste har leike- og grupperom nede i 1. etasje. Dette gir gode høve til å ha skjerma småbarnsgruppe både inne og ute, og til å kunne gi ro, omsorg og tryggleik. Etter kvart som ein veks og modnar, flyttar ein opp i 2. etasje i barnehagen.
Me har fokus på ei trygg tilvenningstid der me skal bli godt kjent med kvarandre, og me ønskjer at de som foreldre deltar så mykje som mogleg i tilvenningstida.
Trygt og godt barnehagemiljø
Alle barn har rett på eit trygt og godt barnehagemiljø utan krenkingar og mobbing. Barnehagen skal sørga for at alle barn har det trygt og godt. Om eit barn ikkje har det trygt og godt skal personalet melde frå til styrar. Barnehagen skal undersøkja saka og setja inn tiltak. Det er innført skjerpa aktivitetsplikt dersom det er ein som arbeidar i barnehagen som krenka eit barn.
I Ås barnehage arbeidar me kontinuerleg med å kartleggja vårt barnehagemiljø, og kvar gruppa har fokus på det heile tida. Personalet arbeidar med relasjonsskjema til Kari Pape slik at personalet skal sikra seg at alle barn har sin trygge vaksne. Om det blir synleg for oss, eller om foreldre melde bekymring for barnehagemiljøet, følgje me tiltaksplanen vår for handtering av barnehagemiljøet.
Bemanning og eigarskap
I Ås barnehagen har me ei fast ordinær grunnbemanning med pedagogar, fagarbeidarar, og pedagogiske medarbeidarar. Me har eigen kokk som kjem utanom den ordinære grunnbemanninga. Jobbsøkarane som er hos oss kjem i tillegg til dei vaksne som er på gruppa.
Ås barnehage er eigd av Opero Holding. Opero er ein arbeids- og inkluderingsbedrift som hjelper personar som har stått utanfor arbeidslivet tilbake i ordinært arbeid. Det vil sei at me i barnehagen kan i periodar ha personalet i arbeidstrening hos oss.

