← Alle gruppene
3–4 år

Grashoppene

Ein kjekk gjeng som er travelt opptatt heile dagen, både ute og inne. Tysdag er turdag i skogen eller langs Frugårdselva.

17barn
3vaksne
Tysdagturdag
Kvardagen på Grashoppene

Om gruppa

Grashoppene er ein gjeng på 17 barn i alderen 2 til 3 år fødd 2023 og 2024. Det er ein kjekk gjeng som er travelt opptatt av noko heile dagen, både ute og inne. Starten av dagen har me gjerne samling der me syng, fortel om dagen, les eller fortel historier. Barna har òg moglegheit til å koma med innspel.

I denne alderen er det ein del barn som byrja med rolleleik og dei leikar kjekt med dokker. Dokkene for ofte vera med til kjøkkenkroken der det blir servert mykje god mat og drikke. Aktivitetar med bil og togbane er og populært saman med rolleleiken. Rundt bordet sitt me og teiknar eller finn fram puslespel. Inni mellom tar me fram leikedeigen. Deigen er mjuk og lett og forme og her får dei brukt kreativiteten sin.

Tysdag har me turdag. Då bruka me det fine nærmiljøet vårt rundt barnehagen. Me har ein kjekk leirplass borti skogen med mange spanande stiar rundt. Me kan gå til kyrkjeberget og mata ende og me kan gå stien med Frugårdselva. Så har me museumsparken i nærleiken og moglegheit til å få koma å sjå i husa på museet (Sunnhordaland museum).

Me ser skikkeleg fram til eit kjekt barnehageår saman med desse kjekke grashoppene!

Dei vaksne på gruppa

Linda Amundsen Rogne

Linda Amundsen Rogne

Pedagogisk leiar

474 51 874
Kine Dommersnes

Kine Dommersnes

Pedagogisk leiar

474 51 876
Jillian Moores

Jillian Moores

Barne- og ungdomsarbeidar

Glimt frå kvardagen