← Alle gruppene
2–3 år

Tusenbeina

Alderen der leik, språk og venskap tek form. Kvardagen veksler mellom samling, frileik og tur ute.

12barn
4vaksne
Utekvar dag
Kvardagen på Tusenbeina

Om gruppa

Det skjer mykje spennande med barna i denne alderen 2-3 år, og utviklinga går fort. Språket kjem meir og meir, og barna blir stadig flinkare til å setje ord på ting, og fortelja kva dei vil og kva dei tenkjer. Dei vil òg gjerne klara ting sjølve, og me ser mykje meistring og «eg kan sjølv» i løpet av dagen.

Leiken har òg utvikla seg mykje. Barna leikar meir saman no, og me ser starten på mykje fin rolleleik. I løpet av ein dag er me innom det meste – alt frå roleg leik, puslespel og bøker til full fart med springing, dansing og boltreleik.

På Tusenbein-gruppa er me i år 12 barn, 7 gutar og 5 jenter. Dette er ein gjeng som er veldig glad i å vera ute. Her får me springa, hoppa, balansera og leika i sanden. Barna likar godt å utfordra seg sjølve, og me finn dei blant anna i klatrestativet, på toppen av berga eller på oppdagingsferd rundt på uteområdet.

Men det er kjekt å vera inne òg. Her går det mykje i bilar, togbanen, puslespel, dokker og leik i kjøkkenkroken. Barna er òg glade i bøker, song og musikk. Innimellom passar det godt å roa litt ned med ei bok, songkort, bevegelsessongar eller ei av eventyrkassane våre.

No i starten går me mest på tur i nærområdet. Me øver på å gå saman og halda ei hand når me går langs vegen. Når me kjem fram, får barna utforska litt meir på eiga hand, med ein vaksen i nærleiken. Me går blant anna til leirplassen vår i skogen og Museumsparken. Etter kvart som me blir meir vane med å gå på tur saman, kan me ta litt lengre turar.

Me gler oss til eit kjekt år saman med denne fine Tusenbein-gjengen!

Dei vaksne på gruppa

Christine Frank de Jongh

Christine Frank de Jongh

Pedagogisk leiar

474 51 870
Marius Nitter

Marius Nitter

Pedagogisk leiar

474 51 870
Nazia Ibrahim

Nazia Ibrahim

Pedagogisk medarbeidar

Karoline Lorentsen

Karoline Lorentsen

Pedagogisk medarbeidar

Glimt frå kvardagen