← Alle gruppene
1–2 år

Humlene

Små oppdagarar som er klare for å utforske meir. Me leikar, syng og tek dei første turane i nærmiljøet saman.

9barn
3vaksne
2025fødselsår
Kvardagen på Humlene

Om gruppa

Humlene er ei gruppe på 9 barn og tre vaksne. I haust er det ein rein gutegjeng på Humlene, alle fødd i 2025. Alle starta opp i august, ein flott gjeng som skal verte godt kjend og få det kjekt saman. Den fyrste tida vil me bruka til tilvenning og det å verte trygg i barnehagen.

Me vil bygga trygge, gode relasjonar mellom barn-barn og mellom barn-vaksne. Me er på golvet saman med dei og er tett på barna i leik og samspel. Slik kan me verte kjent, lytte til det dei utrykker og støtte dei til utvikling. Me er ladestasjonar for barna våre og vil vera ein trygg base. Ein trygg base som gjer dei rusta til å utforske og utvikle seg best mogeleg. Humlene elskar song og musikk, dans, klatring, hopping og aktivitet som møter heile barnet.

Marihønene og Humlene har eigen base nede i kjellaren, her har me god plass med eigne grupperom og eit stort fellesrom. På den måten er me meir skjerma frå resten av barnehagen og kan legge godt til rette for dei yngste barna. Det er også eit eiget uteområde knytt til vår base, her har me god oversikt og kan legge til rette for leik og utforsking tilpassa dei små. Skogen er tett på barnehagen vår og me kjem til å bruke mykje tid der, tid til utforsking og oppdaging.

Å leike ute er kjekt, spesielt når det er fint ver, men me trivest også ute dei dagane me har vanleg vestlandsver. Då kan me mellom anna leike og sutle med vatn, hoppe i søledammar, grave og styre med sand og stein. Leirplassen i skogen ligg også i nærområdet vårt og her er det stas å utforske og leike. Me kjem også til å nytte oss av det fine uteområdet borte ved Sunnhordaland museum, ein liten spasertur frå barnehagen.

Dei vaksne på gruppa

Vigdis Kippersund

Vigdis Kippersund

Pedagogisk leiar

47 45 18 79
Ingrid Nysæter

Ingrid Nysæter

Barne- og ungdomsarbeidar

Audhild Sørensen

Audhild Sørensen

Pedagogisk medarbeidar

Glimt frå kvardagen