Godt rusta for framtida.
Seks små grupper, ein kokk på kjøkkenet og skogen rett utanfor døra.
Kor gammal er barnet ditt?



Gruppene våre
Små fellesskap med plass til å vera seg sjølv.
0–1 årMarihønene
Dei minste hos oss. Her handlar dagane om trygg tilknyting, nærleik og god tid til søvn, mat og stell.
Les meir →
1–2 årHumlene
Små oppdagarar som er klare for å utforske meir. Me leikar, syng og tek dei første turane i nærmiljøet saman.
Les meir →
2–3 årTusenbeina
Alderen der leik, språk og venskap tek form. Kvardagen veksler mellom samling, frileik og tur ute.
Les meir →
3–4 årGrashoppene
Ein kjekk gjeng som er travelt opptatt heile dagen, både ute og inne. Tysdag er turdag i skogen eller langs Frugårdselva.
Les meir →
4–5 årTissemaurane
Store nok til lengre turar og større prosjekt. Barna får meir ansvar og er med og bestemmer kva me skal utforske.
Les meir →
5–6 årSommarfuglane
Skulestartarane. Det siste året i barnehagen brukar me på å bli godt rusta for skulen, med venskap, mot og nysgjerrigheit.
Les meir →
Meir tid saman med barna
Eigen kokk
Kokken kjem utanom både pedagognorm og bemanningsnorm. Tre måltid om dagen for kr 470 i månaden.
Ingen dugnad
Barnehagen organiserer alle arrangement sjølv.
Eigen barnehagebil
Så me kjem oss på tur, også lenger enn beina rekk.
Veksthus og grønsakshage
Barna plantar, haustar og lærer kvar maten kjem frå.
Kvardagen
06.30–16.30
Måndag til fredag. Tid til ein god start og ein roleg slutt på dagen.
Sjå opningstid og stengte dagar →Ein kokk på huset
Onsdag er det varm middag, og fredag er det suppe. God mat og gode måltid saman.
Sjå meir på gruppa di →Skogen rett utanfor
Leirplassen, Frugårdselva og museumsparken. Små og store oppdagingar, kvar dag.
Bli kjend med oss →For foreldre
Planar, reglar og praktisk informasjon, samla på ein stad.
Lyst å vite meir?
Ta kontakt, eller kom innom for ein prat. Me viser deg gjerne barnehagen vår.
Kontakt oss →